Eventyrlauv by Møyfrid (Frida) Engeset

Eventyrlauv

English: Enchanted leaves. Three different, large charts are included in the pattern, in addition to the text.

På eit eventyrleg tre kan det vekse lauv og vottar i alle slags fargar! Til grunnmodellen har eg valt glødande raudt med gylne nervar/striper, og to ”hemmelege” gullhjarte på baksida av kvar vott.

Kor mange hjarte du vil drysse utover, er opp til deg.
Oppskrifta har tre ulike diagram:

1) to hjarte på baksida (eit på tuppen, eit på tommelen)
2) hjartestripe (langs midten oppover, begge sider)
3) hjartedryss

For den som enno ikkje har prøvd å strikka tofarga vottar med tommelkile i handflata -­ altså vottar à la Selbu -­ kan Eventyrlauv vere ein bra start. Sjølve mønsteret er relativt enkelt og repeterande, slik at du får meir ro til å konsentrere deg om fargeskifta og forminga av tommelkilen.

Størrelsar: Ungdom (dame medium) Dei to størrelsane er rekna utifrå to ulike strikkefastheiter. Masketalet er altså det same for begge størrelsane.

Strikkefastheit: 28 m og 30 omg (26 m og 28 omg) på 10 x 10 cm i tofarga mønsterstrikk