patterns >
Møyfrid Engeset's Ravelry Store
> Fuglehjarte




Fuglehjarte
På denne barnehua står fuglar og hjarte tett i tett, og kan varme ein du er i glad i. Fellinga på toppen formar ei optimistisk stjerne.
Du kan velje om du strikkar hua med to eller tre ulike fargar. Fleirfarge-mønsteret gjer hua ekstra tjukk og god, men utan at det blir for komplisert. Oppskrifta er nemleg laga slik at det aldri er meir enn to fargar på same omgang.
Oppskrifta har to størrelsar, ca 4-6 (6-10) år. Begge størrelsane har same masketal, men huene får ulik størrelse pga ulik strikkefastheit.
Du kan også sjonglere med størrelsen ved hjelp av tjukkare eller tynnare garn enn foreslått.
Oppskrifta er på fem sider, med fleire fargefoto. Diagrammet er i tre fargar, over ei heil side.
Hjarteleg takk to dei to teststrikkarane Judith Seland Nilsen og Tori Seierstad.
Historikk:
I desember 2016 gjekk alt sal av denne hua direkte til organisasjonen Dråpen i havet (heimeside) via meg som designar. Frå 1. januar 2017 er Fuglehjarte i vanleg sal.
Merk: Oppskrifta kostar 40 NOK i Norge. For kjøparar i EU-land blir moms (25 %) automatisk lagt til av Raverly. //Note: The pattern costs 40 NOK in Norway. For buyers within the EU, the VAT (25 %) is automatically charged by Raverly.
28547 projects
stashed
17844 times
4235 projects
stashed
3340 times
3022 projects
stashed
1943 times
1045 projects
stashed
762 times
15604 projects
stashed
12373 times
9638 projects
stashed
8692 times
1924 projects
stashed
1343 times
- First published: December 2016
- Page created: December 7, 2016
- Last updated: February 28, 2025 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now