patterns > Strikkekraft - Inspirert av tradisjoner
> Formfull Fana
Formfull Fana
Fanadesignet står sterkt i norsk strikketradisjon, og det er alltid litt skummelt å pirke borti eit så gjenkjenneleg design. Tina blei likevel umiddelbart trukket mot enkelte av overgangane og
detaljane i barnejakka Fanafjellet, som den smale mønsterborden rundt jakkeopninga, og fikk lyst å leike med kor mykje det kjende Fana-mønsteret kan dekonstruerast, samtidig som
designet framleis er lett å kjenne att.
Kjolen har ein enkel konstruksjon med mykje femininitet, og eignar seg like godt til kvardag som til fest. Du kan enkelt hoppe over skjørtet og lage ein kort genser. Detaljar er inkludert i oppskrifta. Idéen var eigentleg å ha kjolen i tre fargar, som Norlender si Fanafjellsjakke er. Tina kom til at den framstår meir sober og enklare å bruke i to fargar. Ønsker du et meir fargerikt uttrykk kan du fint bytte ut botnfargen i diagramma med ein tredje farge!
Størrelsar: 1 (2) 3 (4) (5) 6 (7) 8 (9) 10
Omkrets hals: ca 55 (57) 58 (60) 62 (63) 65 (66) 68 (69) cm
Omkrets bryst/overvidde: ca 76 (83) 90 (102) 109 (115) 121 (135) 141 (146) cm
Omkrets midje: ca 65 (70) 75 (86) 92 97 (102) 113) 118 (124) cm
Omkrets hofte: ca 153 (165) 178 (204) 216 (229) 242 (267) 280 (293) cm
Omkrets overarm: ca 33 (34) 35 (38) 40 (42) 46 (50) 50 (52) cm
Foreslått bevegelsesvidde:
-5 cm til + 2 cm på bryst og midje.
Står du mellom to størrelser velg den som passer med brystmålet ditt. Midjeomkretsen kan
utvides ved å bruke en større pinne.
Strikkefastleik
22 masker per 10 cm glattstrikk på største pinnestørrelse
26 masker per 10 cm mønster på minste pinnestørrelse
Rettleiande pinnestørrelse
2,5 mm til hals og midje.
3 mm til mansjettar og skjørtekant
3,5 mm til resten av plagget
Garn
Hovudfarge: 600 g (600 g) 700 g (700 g) 800 g (800 g) 900 g (900 g) 1000 g (1000 g)
Mønsterfarge: 100 g (100 g) 200 g (200 g) 200 g (200 g) 200 g (200 g) 200 g (200 g)
Om du skal strikke genser, vil du ha behov for ca 300 g i str 1-3, 400 g i str 4-6 og 500 gi str 7-10 i HF, og kun 100 g i MF.
Kjolemodellen er strikka i størrelse 4.
Ask, Hillesvåg Ullvarefabrikk
100 % norsk ull, 315 m/100 g
HF: 6527 Melert lys grønnturkis
MF: 6136 Mørk flyblå
1502 projects
stashed 1707 times
- First published: September 2024
- Page created: December 30, 2024
- visits in the last 24 hours
- visitors right now