patterns > Annerledes
> Nøttejakka
Nøttejakka
Denne tynne, lette jakka strikka i herleg lamull, har eit holmønster som er inspirert av nøtter.
Ho er like god sommar som vinter, til kvardags som til fest!
Jakka er strikka rundt frå toppen og ned, med raglanaukingar. Til slutt blir knappestolpane strikka på og jakka klipt opp. Ho sit tett rundt brystet, og er vidare nedst, men kan også lagast som ein rett modell. På framstykket og bakstykket er det holmønster.
Storleikar:
Mine oppskrifter tek utgangspunkt i verkelege kroppar og ikkje i kjedebutikkane sine standardar. Det er difor ekstra viktig at du samanliknar dine mål med måla oppgitt i oppskrifta.
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål:
Overvidde: 80 (88) 98 (107) 117 (124) cm
Heil lengd: 42 (43) 44 (45) 46 (47) cm
Ermlengd: 47 cm eller ønska lengd
Garn:
Rauma Lamullgarn (100 % norsk lamull. 50 g = 250 m)
Brukar du eit anna garn, pass på å få om lag like mange meter som oppgitt. Ved bruk av anna garn kan plagget endre uttrykk.
Farge 1: 200 (250) 300 (300) 300 (350)
Strikkefastleik: 27 m glattstrikk = 10 cm
Pinnenummer: 3 mm eller det du treng for å få rett strikkefastleik og 2,5 mm til rillekanten.
2999 projects
stashed 2288 times
585 projects
stashed 477 times
- First published: August 2018
- Page created: August 11, 2018
- Last updated: August 11, 2018 …
- visits in the last 24 hours
- visitors right now